Du har ingen varer i handlekurven.

HELLE KNIV ALDEN

MEDIUM TUR/JAKTKNIV. MASURBJØRK
kr 1 249,00
SKU: 5338760
Tilgjengelighet: På lager

Alden er ein mellomstor kniv med eit klassisk design, og gir eit sikkert grep for daglege gjeremål, ute som inne. 

Modellen har eit kraftig handtak og passar for medium til store hender. I framkant av det farga masurbjørkeskaftet finn ein to framplater i rustfritt stål som skapar stabilitet, styrke og får kniven til å skine.

Bladet er i 12C27 - eit rustfritt stål spesielt utvikla for knivar. Buen på bladet har ein liten "drop" som gjer kniven ideell til både jakt og friluft.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær med Helle-logoen på og med hempe til oppheng i belte. 

Modellen er oppkalla etter øya Alden, som er eit landemerke i havet utanfor Dalsfjorden. Øya har i alle tider blitt brukt som eit navigasjonsmerke til sjøs, og på solskinsdagar skin den like klart som kniven.

****

Detaljar Alden
Vekt 145 g
Stål Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 105 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Masurbjørk, rustfritt stål, lær
Lengde handtak 130 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Gunnar Lothe
Designår 2009

  Rask levering med Posten   Trygg betaling   Hent i butikk – Stavanger og Trondheim